98 KILO!!!

Då er eg i gong med ei ny oppdatering. Forrige tirsdag vog mannen seg og vekta viste 98 (!!!!!) kilo.......Då har han gått ned 12 kilo i underkant av 2 mnd. :)

Heilt utruleg, men lavkarbo fungerar som berre "fytti rakkern!"

No har han komt på det stadiet at han fint kan unne seg noko godt innimellom som ikkje er lavkarbo og likevel gå ned. Fantastisk!

Stabilt godt humør, endå flinkare og sosial med familien...med andre ord; Ein lavkarbo-kur har vore redninga for oss! JIPPI! :)

Kokkeleringa går fint for min del, eg lagar fortsatt alle måltid som før, men sjølvsagt med lavkarbo fokus.

Kokar som regel poteter/ris eller pasta som barnet vårt og evt.eg et attåt.

..Men mykje bakte grønnsaker og mykje reint kjøt! :)

 

Så no spørs det om ikkje den middagen eg vart lova på "under 100" kg, snart må bookast...... :)

 

#lavkarbo #lavkarbopappa #98kilo

Hei blogg!

No er det lenge sidan siste oppdatering!

Vi held oss til lavkarbo-dietten endå, men så snart man går ut av huset sine 4 veggar byr det fort på problem! :(

Det er få om ingen kafear som tilbyr mettande lavkarbo måltid, og frukost samt lunsj må foreberedast godt dagen før.

Eg føler at det er fort gjort og lage det same ofte til frukost og luns....og går då lei.

TIPS ANYONE!? :)

Mannen er no nede i 102 og har holdt det stabilt...med andre ord lar dei 100 kg vente på seg. Det skal seiast at han har gått på eit par smellar.

Kva skal ein gjere når man er bedt i eit selskap der INGEN andre går lavkarbo, middagen er betasuppe med vanleg brød og alkohol er inne i bildet. Karboane flaut villt. Då hjalp det kanskje ikkje og toppe dagen derpå med ein skikkeleg "English breakfast....:" :)

Denne helga sklei det også ut litt....då var det vanleg pizza som lot seg freiste... :=o

Men uansett, tykkjer eg at det går overraskande bra, til tross for nokre få smellar.

I heimen har vi no alle klart og kutte ut og ete godteri på vekedagar, kun lov på laurdagar, i tillegg har vi som ikkje går slavisk på lavkarbo kur fått ENDÅ meir fokus på grønt tilbehør og litt mindre av poasta/ris/poteter.

Far i huset t er med andre ord: KJEMPEFLINK! Eg hadde aldri trudd at det skulle gå så bra. Utanom desse små-smellane hans, har vi som familie opplevd store endringar på han, om ikkje vekta rasar enda: Bedre humør, meir energisk, lært seg og lage niste er berre nokre av tinga som denne "lavkarbo-kuren" har bidratt til!

 

Vi går for 4 nye veker til! :)


 

Finns det godkjent lavkarbo snop!?? HJELP!!

Det einaste eg klare og tenke på i dag er snop, godteri, søtsaker, sweets, knask eller digg om du vil! Søtsuget har meldt sin ankomst noko så ekstremt!
Men ka i all verden slags godteri kan eg unne meg foruten om den bountyen og baconsvor??!! Hjelp!!!!

1 veke på lavkarbo = RESULTAT!

Då har det gått 1 veke sidan oppstarten på lavkarbo.

Vekta forrige veke på mannen viste 105 kg......i dag......... 102.5. Med andre ord gått ned 2,5 kg. Dette syns vi begge er utruleg bra! Då har vi vore heilt i startfasen, og kunne absolutt ingenting!

Eigentleg har vi jo alltid vore skeptiske til lavkarbo, men det er rett og slett av uvitenhet!

Vi har begge blitt flinkare til og trene denne veka også, noko som heilt sikkert har hjelpt på.

 

Då satsar vi på at mannen landar på 100 kg neste veke! TVI TVI! :)

 

P.s. Eg må anbefale denne boka som eg kjøpte på nett; Lavkarbo til hverdags.

Den brukar vi dagleg og finn mykje godt og ENKELT!

 




Lavkarbo, dag 3, so far so good!

Også dagen i går var ein suksessfull lavkarbo dag!

- 4 korn blanding til frokost med hasselnøtter og mandler + mjølk

- Lunsj vart lavkarbobrød med skinke

- Middagen vart ørret med heimedyrka urter (oregano, timian, basilikum og gressløk) baconsurra asparges + spinatsalat sjølvsagt. :)

- Kvelds til meg vart varme eplebåtar med sukrin og kanel, mannen åt lavkarbo lasagne restar frå dagen før! :)

 

 

Det skal seiast at utan god planlegging dagen før på kva ein skal ete til frukost og lunsj når man er på jobb er det ikke for kven som helst og følge ein slik diett. Men så langt, så går det altså BRA! :)

Dag 2 på lavkarbo, ny livsstil.

Det går som det griner!

Mannen har vore kjempeflink og holdt seg til lavkarbo og ikkje gått på nokre fristelsar.

Eg har meir eller mindre sjølv også begynt lavkarbo, men i moderate mengder. Eg er 1.75 høg og veg 57 og har vore slik sidan 16-års alder. Med andre ord meinar eg personleg at eg ikkje treng noko diett, men ha FOKUS på mindre sukker og kutte unødvendig sukker. (usunne frukostblandingar, sjokolader, is, chips...etc.) Gulle vårt får slik kost som han alltid har fått; fisk, kjøtt, pasta, grovt brød og vil han ha en is eller kjeks til dessert, så får han det! :) Barn i vekst treng karbohydrat, så det har eg fokus på!  :)

 Vi skal fortsette og bake ting som tdlegare og slikt med gullet vårt, men mannen blir berre ikkje og ete akkurat det.

Til han lagar eg heller lavkarbo-variantar som denne fantastiske Bounty sjokoladen... :) Men eg og lillegull vil nok fortsette helgebaksten med kanelsnurrar og andre småkaker, det er jo så koseleg...! (sjølve bakeprosessen altså, ikkje etinga av det! haha)

Er det nokon som har andre gode, ENKLE, lavkarbo snacks-tips, så tar eg imot med glede!!!! :) :)

 

Ha en super torsdag og ønsk oss lykke til vidare! :)

 #livsstil #lavkarbo #fokus #uutholdenhet #kokkelere #lavkarbopappa #lavkarbomamma

Lavkarbo lasagne, supersnadder!

I dag stod det lavkarbo lasagne på menyen! Det er en rett som er fin både for store og små tenkte vi.

Lavkarbo lasagne.

 

  • 2 bokser tomatpuré
  • 1 pakke karbonadedeig av 700 gr.
  • 2 store hvitløksfedd, finhakka
  • 1 løk
  • 1 paprika

 

  • 2 bokser små cottage cheese, eller 1 1/2 store.
  • 1 stor squash
  • ca 200 gr reven ost

Bruk ildfast form som du smører med smør.

 

Vi skar opp squashen med ostehøvel først og steike den kjappt i panna for og få ut litt vatn.

Så steikte vi karbonadedeigen.

Deretter tilsette vi resten av ingrediensane

Så legg du lagvis, karbonadedeig-massa, squashen og cottage cheese, i 2 omgangar.

Topp til slutt med reven ost.

Vi hadde tilbehør som feta og spinatsalat og en dæsj crema Balsamico, våre favorittar.








Steik i forvarma ovn i 40 minutt på 200 grader.

Av dette vart det så mykje mat, at vi på 3 har middag også i morgon, ellers kan det fint frysat og takast fram ein travel dag! :)

 

NAM NAM!!!!!!

 

Terningkast 6/6

 

#lavkarbo #lasagne

Lavkarbo Bounty sjokolade, suksess!

 

Då prøvde eg meg på og lage litt lavkarbo snacks i går, første ut var den kjente "Bounty"

Oppskrift:

1 dl. sukrin (fannt den på Kiwi)

50 gram cocosa (kjøt på helsekost, kokosfett)

1 dl. kremfløyte

1 dl. kokosmjølk

200 gram mørk sjokolade, over 70 prosent (Eg brukte Freia sin 70 %)

200 gram revet kokos

Slik går du fram:


Smelt sukrin og kokosfett i ein kjele:

Tilsett deretter kokosmjølk, kokos og fløyte. Rør til alt er godt blanda.

La massa stå i minst en time i kjøleskapet, før du tek den ut, og forma deiga som du vil.

Eg lagde kuler.

Dypp kulene i  den mørke sjokoladen.

(Smelt sjokoladen i vannbad)

Klem på "massa" ei god stund før du dyppar i sjokoladen, fort gjort at den går i oppløysing.

Dypp fort og legg på bakepapir.

Sett så i kjøleskapet for avkjøling.

Etter ca 20 min syns eg det var lov og ta ei smaksprøve...og det var superdigg! Spesielt med en liten kaffisup attåt..... :)

Kan anbefalast på det sterkaste og det smakar skikkeleg snop!!!! :)

 




 #lavkarbo #Bounty #sjokolade

Dag 1 på lavkarbo!

Etter jobb og henting i bhg vart det og hive seg i veg med middagslaging! 😄
På menyen vart det lammekotelettar, blomkål +brokkolipure og spinatsalat med balsamico og fetaost.
Karakter av mann: 6 av 6 👌
Då fekk eg lysta til og fortsette. 😄






No er klokka 20 og eg har allereie fått lalla lisjegullet etter fleire timar med kos og leik, tatt oppvasken, støvsugd 1. etasje, fått laga ferdig Bounty sjokoladane pluss eit nytt lavkarbobrød! Produktiv dag, sofaen next. 😄👍
....

Ha en fin kveld! 🎉

 

#lavkarbo #blomkål #brokkoli #diett #sunt #lammekoteletter #pure #spinatsalat

Verdas beste lavkarbobrød, trur eg då.......... :)



Meininga var eigentleg at det var kun mannen som skulle gå på lavkarbo, men det er jo så mykje godt, så eg trur det blir vanskeleg og ikkje bli bitt av basillen sjølv!

Min mann er ikkje en du finn på kjøkkenet for og kokkelere, men for og ete. :)

Dette er med andre ord "mitt" prosjekt, som han hadde et ynskje om og få til. Eg stiller sjølvsag med sleivene og kasserollane, han med mage og munnt! :)

I går kveld lagde eg mitt første lavkarbobrød og det skulle vise seg og bli litt av en suksess!

Eg prøvde meg fram med denne oppskrifta:

4 stk egg

1 ts/1 ts natron  bakepulver

0,5 bokser crème fraîche (Vita sin brukar eg) 

3 ss solsikkeolje/rapsolje                

60 g kruskakli

40 g linfrø

50 g sesamfrø

50 g solsikkekjerner

 

Eg har investert i ei brødbakemaskin, for skal dette gjennomførast kjappt og enkelt i dagens tidsklemme, trengte eg hjelp,

WILFA vart vinnaren.

Det var som magi! Alt gjekk som en draum!

 

Først alle ingredianser, valde største (kunne sikkert brukt medium, det skal eg prøve i dag) størrelsen på brødet, satte på program 4, (hurtig helkornbrød) og START!

2 timar seinare var brødet ferdig! (tok hurtig fordi eg klarte ikkje vente og det var seint på kveld)

Eg tenkte at mannen ikkje kom til og like det, men fy søren, han ELSKA DET!

Eg serverte det slik:

Skiver med SMØR, eggerøre med skinke, spinatsalat med balsamico og feta-blanding med oliven og kvitløk! NAM NAM NAM!

 

Har du ikkje brødbakemaskin, så hiv det i ovnen! :)

Steik på nederst rille i ovnen, i ca. 55 min avhengig av ovn, ved 180 grader. Avkjøl på rist.

 

#lavkarbo #lavkarbobrød #brødbakemaskin #diett #sunt #eggerøre #spinat #skinke

 

 

Kokosfett, finns det eit rimelegare alternativ?





Då har eg fått kjøpt meg kokosfett eller kokosolje som det står på krukka.

199,- på helsekost. Planen er og lage Bounty sjokolade, inspirert av sjølvaste "fotballfrue". Gledar meg til kokeprosessen i kveld, spanande om eg får det til!

Er det nokon som har eit godt tips om kor ein kan få kjøpt det rimelegare? Eller er det dette som faktisk er gjennomsnittsprisen på dette........

.

 

#kokkosolje #kokkosfett #cocosa

Lavkarbo-pappa på 110 kg!

Eg har alltid vore så utruleg negativ til ALT av slankekurar og kan med handa på hjartet seie at eg personleg ALRDI har gått på en einaste.

Men, no har det seg slik at eg har ein mann som har gått meir og meir opp i vekt dei siste åra, der undertegnede mest sannsynleg eig mykje av skulda - Eg nemleg elskar og lage mat og bake.

Vi har alltid hatt sunne, spanande middagar, med mykje frukt og grønt, men alltid tilbehør som poteter/pasta/ris. Gjerne is til dessert. Min mann er glad i søte frukostblandingar og sniksnope i kjøkkenskapet, både til helg og til kvardags. Er det noko søtt tilgjengeleg, så blir det ete opp.

Men det er det no slutt på.

Saman bestemte vi oss for og starte med lavkarbo, ikkje heile familien, men for min betre halvdel, for og gi HAN ein betre kvardag.

Frisk til sinns drog eg på butikken etter og ha googla lavkarbo oppskrifter opp og ned i mente, Research er alfa omega.

Kassalappen enda på 2230,-

Personleg tykkte eg at eg fekk mykje for pengane...men mindre posar enn vanleg.

Snack vart mange posar usalta nøtter, baconsvor og store Freia 70 % sjokoladar.....

Ellers vart det bl.anna mykje kjøt (fisk har vi i sjølvfiska i frysen) grønnsaker, fløyte, creme fraiche, rømme, SMØR, nøtter og 4 KORNS frukostblanding.

Hugs at eg er heilt fersk i gamet, men gjer så godt eg kan.

Mannen skal vege seg i dag, så e det straka vegen................... -------->

Mål 1 omgang: 10 kg. Premie: Tek med seg kona ut på en betre middag, på hass si rekning. :)

#nedivekt #lavkarbo #diett #sunt #lavkarbopappa

 




Les mer i arkivet » September 2014 » August 2014 » Juli 2014
vidunder

vidunder

32, Oslo

Frå Oslo-folk til bygdesjeler......
Pappa på lavkarbo, mamma drøymer.....
Saman har vi verdas herlegaste gull!<3.
Her kan du følge oss frå dag 1. i eit lavkarboliv, samt andre ting ein travel familie på 3 plutseleg kan finne på. :).
Har aldri nokonsinne lest ein blogg og i alle fall aldri skreve på ein blogg før, så gi meg litt "slækk". :).
Dette blir ei dagbok for oss og skal hovudsakeleg brukast som motivasjon til å gjennomføre lavkarbo-målet!

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

hits